Sist oppdatert: 07.mars, 2012

Kontakt oss på e-post: johan.borsheim@c2i.net
Telefon / mobil: 56 52 62 70 / 915 87 738


LEIF OVE ANDSNES I KVEMMADOKKJE!

__
Foto: Felix Broede / Tomm Hansen

Fredag 10.august held pianisten Leif Ove Andsnes konsert i Kvemmadokkje.

Kvemmadokkje vert ein av fire stadar i Norge der Andsnes held konsert, og me gler oss stort til han kjem! Han har eit travelt konsertprogram i 2012 der han turnerar Europa og USA, og Beethoven er eit gjennomgangstema for musikken han spelar dette året. Andsnes har vunne utallege prisar for musikken sin, og seinast dette året vann han Spelemannsprisen i kategorien Klassisk musikk for det siste albumet han gav ut ('Schumann Complete Piano Trios').
Les meir om artisten på www.andsnes.no.

Før konserten spelar dei kjende systrene Eldbjørg og Ragnhild Hemsing frå Valdres. Dei har begge kvar sin aktive karierre som solistar, men har spela saman frå dei var sju og fem år gamle. I Kvemmadokkje vil dei opptre i lag og me trur det vil verta ei stor oppleving. Både Ragnhild og Eldbjørg har vunne utallege prisar innan klassisk musikk trass sin unge alder, og har vorte kjende i Norge gjennom fjernsyn, radio og konsertar.

Billettsalet startar frå 1.juni. Meir info kjem etterkvart.
Me ynskjer dykk velkomne til ei flott oppleving i Kvemmadokkje!