Juni Dahr kjem til Kvemmadokkje laurdag 8.juni 2013 og spelar stykket "Jeanne d'Arc" for oss. Billettsal byrjar 1.mai.
Jeanne d’Arc vart fødd under Hundreårskrigen mellom England og Frankrike (1337-1453). Da ho var 13 år tok ho til å høyre røyster som ho meinte kalla henne til ei stor oppgåve: å hjelpe Charles VII til å bli krona konge i Frankrike. Desse røystene skulle komme til å leie henne gjennom resten av hennar liv.
Jeanne d’Arc talar til oss også i dag. Hennar liv er ei utfordring til oss alle. Dette er eit drama om den absolutte lidenskap. Om ei kvinne som er så trufast mot sitt eige, brennande bodskap at ho ofrar alt for det ho trur på.
Stykket «Jeanne d’Arc – visjon gjennom eld» byggjer på originale tekster og på Jeannes eigne ord frå rettsdokumenta. Ho vart klaga for å vere heks og kjettar og dømd til døden på bålet i 1431, 19 år gammal.
Presseklipp:
«Hun spiller med hver muskel, med hver fiber i kroppen, og med en intensitet som slår som knyttnever i magen. Hver minste detalj har sin funksjon, og ikke en overflødig bevelgelse er å finne i Dahrs enorme prestasjon.» Terningkast 6, Bodø, Gøril Emilie Hellen.